Sogn Avis, 19. oktober 2020

Denne roboten drep all smitte på fire timar: – Me har fått ein lettare kvardag – Denne gjer susen! Og i mellomtida kan me gjera andre ting, fortel Hege Orrestad.

Det avdelingsleiaren for reinhald ved Sogndal helse- og omsorgssenter snakkar om, er ein desinfeksjonsrobot med namn Decon-X, som heilt automatisk kan fjerna alt som er av bakteriar og virus i eit rom.

Kverkar 99,999 prosent – Me er godt nøgde med å ha fått denne maskina, så slepp me gjera alt på gamlemåten, seier Orrestad.

Medan roboten køyrer firetimarsprogrammet sitt, der heile rommet vert tåkelagt med hydrogenperoksid, kan dei tilsette ved helse- og omsorgssenteret nytta tida til andre gjeremål.

Les hele artikkelen