Vikebladet Vestposten, 24. september 2020

Hareid kommune har kjøpt desinfeksjonsrobot: - Den kan potensielt redde liv

Roboten, som av produsenten blir kalla for innovasjon av tradisjonell smittevask, fjernar alt av mikroorganismar i eit rom – og vil vere uvurderleg i kampen mot til dømes koronaviruset, meiner Robert Kjøde.

Han er driftsteknikar innanfor feltet velferdsteknologi i Hareid kommune. Onsdag denne veka blei Vikebladet Vestposten med han til Hareid sjukeheim, der han viste fram den nyinnkjøpte maskina, av merket Decon-X.

Sjølv om den norskutvikla maskina kostar rundt 300.000 kroner, er det ei god investering, meiner Robert Kjøde.

– Den kan potensielt redde liv. Det er eg overtydd om, seier han til lokalavisa.

Les hele artikkelen