Kvinnheringen, 29 mars 2019

Robot mot smitte

- I bruk på Husnes frå måndag denne veka

Fredag førre veke fekk Kvinnherad kommune eit nytt middel i kampen mot smitte og farlege bakteriar ved institusjonane. Då kom ein robot til Rosendalstunet.

Roboten er ein desinfiseringsmaskin som ved å nytta hydrogenperoksid eliminerer 99,9999 prosent av alle bakteriar, sporar og virus i eit rom. – Bakgrunnen for innkjøpet er å avgrensa sjukdomsutbrot ved institusjonane. Vi må halda tritt med utviklinga, fortel Leif Kolbjørn Kongestøl, einingsleiar ved Rosendalstunet.

Les heile artikkelen